Repo created
This commit is contained in:
parent
75dc487a7a
commit
39c29d175b
6317 changed files with 388324 additions and 2 deletions

@ -0,0 +1,37 @@

Hjelp oss å gjere neste Thunderbird-utgjeving så god som mogleg med å laste ned Thunderbird Beta, og få tidleg tilgjenge til dei nyaste funksjonane og feilrettingane før dei er offisielt utgjevne. Testinga og tilbakemeldinga di er viktig, så ver vennleg å rapportere feil og røffe kantar, og del meiningane dine med oss!

Finn vår feilsporar, kjeldekode og wiki på https://github.com/thunderbird/thunderbird-android.

Me er alltid glade for å ønskje nye utviklarar, designarar, dokumentarmakarar, omsetjarar, feilprioriterarar og vennar velkommen. Besøk oss på https://thunderbird.net/participate for å byrje.

Thunderbird er ein kraftfull, personvernfokusert e-postapp. Uanstrengt handering av fleire e-postkontar frå ein app, med samla innboks-moglegheit for maksimal produktivitet. Bygd på open kjeldekode teknologi og støtta av eit dedikert team av utviklarar, på sida av eit globalt samfunn av frivillige. Thunderbird behandlar aldri den private dataen din som eit produkt. Utelukkande støtta av økonomiske bidrag frå brukarane våre, så du aldri treng å sjå annonsar blanda med e-postane dine igjen.

Kva du kan gjere

Dropp fleire appar og webmail. Bruk ein app, med ein valfri samla innboks, for å få deg gjennom dagen.

Nyt ein personversvennleg e-postklient som aldri samlar eller sel dine personlege data. Me koplar deg direkte til din e-posttenar. Det er det!

Ta ditt personvern til neste nivå med å bruke OpenPGP e-postkryptering (PGP/MIME) med “OpenKeychain”-appen, for å kryptere og dekryptere meldingane dine.

Vel å synkronisere dine e-postar umiddelbart, med faste intervall, eller etter førespurnad. Korleis du vil sjekke e-posten din er opp til deg!

Finn dine viktige meldingar med å bruke både lokalt og tenar-side søk.

Kompatibilitet

Thunderbird fungerer med IMAP- og POP3-protokollar, og støtter eit vidt spenn e-post-tilbydarar som inkluderer Gmail, Outlook, Yahoo Mail, iCloud, og meir.

Korfor bruke Thunderbird

Det pålitelege namnet innan e-post i over 20 år – no på Android

Thunderbird er fullstendig finansiert av frivillige bidrag frå brukarane våre. Me høstar ikkje din personlege data. Du er aldri produktet.

Laga av eit like effektivitetsfokusert team som deg sjølv. Me ønskjer at du bruker minimal tid på appen og får maksimal verdi i retur.

Med bidragsytarar frå heile verda, har Thunderbird for Android blitt omset til meir enn 20 språk.

Støtta av MZLA Technologies Corporation, eit dotterselskap fullstendig eigd av Mozilla Foundation.

Open kjeldekode og samfunn

Thunderbird har fri og open kjeldekode, som betyr at koden er tilgjengeleg for å sjå, endre, bruke og dele fritt. Lisensen sikrar at den vil vere fri for alltid. Du kan tenkje på Thunderbird som ei gåve frå tusenar av bidragsytarar til deg.

Me utviklar i det opne, med regelmessige, transparante oppdateringar i vår blogg og våre e-postlister.

Vår brukarstønad er dreven av vårt globale samfunn. Finn svara du treng, og tre inn i rolla som bidragsytar - anten det er for å svare på spørsmål, omsetje appen, eller fortelje dine vennar og familie om Thunderbird.

Loading…
Add table
Add a link
Reference in a new issue